Informasjon om skuleflytting

Frå den 4. mars 2024 vil Sør-Fron ungdomsskule starte opp på Harpefoss skule og Harpefoss skule vil starte opp på Midtbygda skule. Denne mellombelse drifta og flyttinga er nødvendig for å klargjera tomta til den nye skulen.

Denne veka sendte kommunen ut ei viktig kunngjering til alle elevar og foreldre på skulane i Sør-Fron om mellombels skuledrift for skulane i Sør-Fron. 

For at byggearbeid på skuletomta på Glasmestermoen skal kome i gang, må ungdomsskulen flyttast til Harpefoss skule, og elevane frå Harpefoss blir flytta til Midtbygda. Der har dei i haust starta arbeidet med å legge til rette for midlertidig skuledrift i brakkerigg. 

Nå er datoen sett. 4. mars, måndag etter vinterferien, skal ungdomsskulen starte opp att på Harpefoss skule, medan alle barneskuleelevar skal gå saman på Midtbygda.  

- Vi forstår at dette kan medføre nokre endringar og utfordringar, men vi forsikrar dykk om at vi vil gjere alt vi kan for at dette skal bli bra for alle. Meir detaljert informasjon om dei mellombelse skulelokala, transportordningar, og eventuelle svar på spørsmål vil bli delt i tida framover. Vi oppmodar foreldre, elevar og tilsette til å følgje med på kommunen si heimeside og Facebookside. Takk for forståing og støtte medan vi arbeider med å skape trygge og inspirerande læringsmiljø for våre barn og unge. 

Med venleg helsing Arbeidsgruppa for mellombels skuledrift