Høring Mitt drømmebibliotek - Bibliotekplan for Sør-Fron kommune 2023-2035

Sør-Fron formannskap vedtok i møte 25.09.2023, i sak 105/23 å legge forslag til bibliotekplan for Sør-Fron kommune 2023-2035 ut til offentleg høyring og ettersyn i fem veker.

Planforslaget kan du lese her

NY FRIST for å kome med merknader er 30.10.2023. 

Eventuelle merknader skal vera skriftleg og sendast til:
Sør-Fron kommune, Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
eller via e-post til postmottak@sor-fron.kommune.no

Sør-Fron kommune sin bibliotekplan skal vera ein heilskapleg plan som omfattar både skule- og folkebibliotek. Planen er forankra i lov om folkebibliotek, opplæringslova, læreplanen, sentrale styringsdokument og nyare forsking. Bibliotekplanen er også ein plan for oppgåva vi har som folkebibliotek med tilhøyrande skulebibliotek. Det er vårt ansvar å bygge eit bibliotek som er i tråd med tidlegare avgjerder i kommuneplanar og lokal skuleutvikling.

Kommuneplanens samfunnsdel, med implementeringa av FN sine berekraftmål, er førande for arbeidet med Mitt drømmebibliotek - Bibliotekplan for Sør-Fron kommune 2023-2035. .