– Ikkje delta på arrangement i andre kommunar

Pål Martin Enstad Hansen Det er for tida høgt smittepress i Sør-Fron, og alle fritidsaktivitetar er midlertidig stengt ned. Alle arrangement er også avlyst.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Med bakgrunn i dette anbefalar kommuneoverlegen innbyggjarar i Sør-Fron å heller ikkje delta på arrangement i andre kommunar. 

– Det er openbart at når vi avlysar arrangement i kommunen, så bør heller ikkje personar frå vår kommune delta på arrangement i andre kommunar, seier kommuneoverlege Anders Brabrand.