Slik hindrar du smittespreiing!
Vi har alle eit felles ansvar for å hindre spreiing av koronaviruset i lokalsamfunnet vårt. Det viktigaste vi alle kan gjere er å følgje hygienetiltaka frå kommuneoverlegen i Sør-Fron.
Hygienetiltak frå kommuneoverlege Anders Brabrand
- Regelmessig handvask.
- Unngå handhelsing og klemming.
- Hald minst ein meter avstand til andre.
- Hald deg unna andre om du er sjuk.
- Alle som er litt sjuke (også litt forkjøla) må halde seg heime, og for seg sjølv til dei er friske, og ytterlegare eitt døgn
- Host i papirlommetørkle (kastast etter kvar gong) eller olbogekroken.
- Vær særleg merksam overfor utsette personar: Eldre over 65, diabetikarar, hjarte/lunge-sjuke, nedsett immunforsvar osv.
- Barn blir ikkje alvorleg sjuke, men spreier likevel smitte. Unngå kontakt mellom barn og eldre.
- Ikkje ta på ting unødvendig, hald hendene for deg sjølv.
- Ikkje ta deg i ansiktet – om du har fått virus på hendene gir du da viruset ei sjanse til å komme inn i kroppen gjennom munn/nase/augo slik at du kan bli sjuk.
Lær håndvask av kommuneoverlegen
Kommuneoverlege Anders Brabrand gir oss tips for korleis vi skal vaske hendene for å unngå viruspreiing!
Informasjon til bedrifter
Laurdag 14. mars kom kommuneoverlege Anders Brabrand med ny forskrift om førebygging av smitte i Sør-Fron kommune.
Under pkt. 2 i forskrifta står det følgjande:
"De virksomhetene som på bakgrunn av vedtakene fra Helsedirektoratet fortsatt kan holdes åpne, skal informere kundene/besøkende om viktigheten av at personer innenfor lokale/området holder minst en meter avstand til andre i hele lokalet/området til enhver tid. Virksomhetene skal opplyse om dette ved inngangen"
Anbefalinger fra Folkehelseinstituttet
Vi oppmodar alle til å sjekke ut heimesida til Folkehelseinstituttet, for meir informasjon om råd og tiltak.
Publisert av Bjørn Kjellsson Sletten
Sist endret 08.07.2022 12.44