Videreførar alle tiltak til og med 11.januar

Søndag 3. januar beslutta kriseleiinga i kommunen at alle tiltaka som vart innført før jul, blir vidareført til og med 11. januar. Unntaket er skular og barnehagar, som startar opp som planlagt 5. januar.

Det er gjennomført mange nye testar gjennom nyttårshelga. Sør-Fron kommune har det høgaste smittetalet i Innlandet fylke ut frå talet på innbyggarar, og er nummer 14 nasjonalt. Derfor blir tiltaka vidareført til og med 11. januar.

– Vi har hatt som mål heile tida at vi ikkje skal ha ein ny runde. Derfor vel vi å halde fast på dei råda som er gitt og tiltaka som er innført eit stykke inn i januar, seier ordførar Ole Tvete Muriteigen, som understrekar at dette blir gjort på grunn av den situasjonen som har vore og som framleis pågår.

– Dette er ein heilt spesiell situasjon i ein liten kommune som vår. Derfor må vi gjere dette nå, seier Muriteigen.

Kriseleiinga i Sør-Fron oppmodar også folk innstendig om å teste seg om dei har symptom, nå når dei skal attende i arbeid og på skule.

Skular og barnehagar i kommunen startar opp att på skjerpa gult nivå, etter nyttår. Fyrste skule- og barnehagedag i det nye året er tysdag 5. januar.

Servicekontoret vil vera bemanna og kommunehuset opnar for publikum. Biblioteket held ope på sine ordinære opningstider.

Desse lokale tiltaka gjeld til og med 11. januar:

  • Sørheim omsorgssenter er ope for begrensa besøk. Det tas atterhald om at Sørheim kan bli stengt for besøk att dersom det lokale smittebiletet blir endra. Sjå Rutine for besøk til pasienter på Sørheim omsorgssenter - oppdatert 23.12.2020 for detaljar.
  • Alle arrangement er avlyst og kommuneoverlegen ber innbyggarane om ikkje å delta på arrangement utanfor kommunen. Unntaket er arrangement i kyrkja – dei følgjer retningsliner frå bispedømmet.
  • Ikkje møt opp på legekontoret utan avtale.
  • Helsestasjon for ungdom er stengt.
  • Alle fritidsaktivitetar blir innstilt. Dette gjeld trening/idrett, ungdomsklubb, kulturskule o.l. 
  • Det blir oppfordra til å ha heimekontor der det er mogleg.
  • Alle møte bør framleis skje digitalt så langt det let seg gjera.
  • Fron Badeland er stengt for offentleg svømming, men opnar att for skulesvømming i veke 1.

For øvrig gjeld nasjonale råd og retningsliner.

Oppdaterte tiltak i Sør-Fron kommune finn du på kommunen sine temasider om koronasituasjonen.

Vaksinering startar i veke 1

Vaksinering startar opp i veke 1. Det er bebuarar på Sørheim omsorgssenter som blir vaksinerte fyrst. Les meir om vaksinering mot korona i Sør-Fron her

 

Kontaktperson for presse:

Ordførar Ole Tvete Muriteigen, tlf. 91108725,
e-post: ole.tvete.muriteigen@sor-fron.kommune.no