Ekstraordinært kommunalt næringsfond 2020 – UTLYSING!

Logo med symbol.png - Klikk for stort bilde Sør-Fron kommune har fått tildelt kroner 1.594.620,- i ekstraordinære midler til næringsfondet på grunn av Covid-19. Det kan gis tilskot til bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar med forretningsadresse i kommunen.

Logo med symbol.png - Klikk for stort bilde Formannskapet er fondsstyre for fondet, og avgjer saker etter innstilling frå rådmannen.

Ordningen fell elles inn under "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet".

Vurdering

Ekstraordinære midlar blir vurdert etter vedtekter for kommunalt næringsfond med spesielt vekt på:

  1. i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  2. i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerar og andre næringsretta tiltak antas å motverke negative verknader av covid 19-utbrotet
  3. kor raskt tiltaket kan settast i gang

Midlane kan ikkje brukast til å dekkje løpande driftskostnader.

Jordbruksbasert næring er ikkje omfatta av ordninga.

Samarbeidsprosjekt mellom fleire næringsaktørar kan støttast, også samarbeid utover kommunen.

Tilskot

Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av kapitalbehovet for prosjektet. I dette spesielle høvet skal det aldri overstige 75 prosent.
EØS-avtala sine reglar for offentleg stønad blir oså lagt til grunn.

Alle tilskot gitt etter reglane om offentleg stønad skal registrerast i regionalforvaltning.no. Dei registrerte opplysningane skal oppbevarast i ti år frå det tidspunktet støtta vart tildelt.  Midlane skal gå til dei som har eit reelt behov. Behovet skal dokumenterast i søknaden og midlar tildelt på feilaktig grunnlag skal attendebetalast.

Søknader og saksbehandling

Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no og ikkje direkte til kommunen. Søknader vil kunne påreknast behandla i formannskapet i løpet av ein månad frå søknadsfrist.

Søknadsfrist er 10. september 2020 og 30. oktober 2020.

Tildelt stønad må nyttast innan eitt år frå vedtaksdato. Det kan søkjast om utsetjing.

Utbetaling

Tilskotsmidlande blir utbetalt på etterskot. Tilskotet kan likevel delvis utbetalast etterkvart som tilskotsmottakaren dokumenterer framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Er det nødvendig for at prosjektet skal kome i gang, kan inntil 15 prosent av tilskotet bli utbetalt ved oppstarten av tiltaket.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 10.08.2020 14.04
Fant du det du lette etter?