Her blir det nytt bibliotek

Det har husa både blomsterbutikk, sportsforretning, rekneskapskontor og parfymeri. Nå rykker litteraturen inn i Sør-Fron senter.  

Biblioteksjef Marit Kamp Lie framfor det som blir det nye biblioteket i Sør-Fron.  - Klikk for stort bildeBiblioteksjef Marit Kamp Lie framfor det som blir det nye biblioteket i Sør-Fron. Live Jørstad Bakka

Kommunestyret i Sør-Fron har vedtatt å kjøpe Sør-Fron senter, slik at biblioteket kan opnast opp att i 1. etasje der så raskt som råd. I mars i 2023 vart nemleg hovudbiblioteket stengt, etter at ein brannvernrapport slo fast at det ikkje var forsvarleg å drive bibliotek i dei lokalane biblioteket har hatt sidan 80-talet. Sidan da har biblioteket vore drifta som minibibliotek i tilknyting til servicekontoret.  

Viktig for innbyggarane  

Kommunestyret vektla i sitt vedtak viktigheita av eit godt, sentralt folkebibliotek.

– Eit godt og tilgjengeleg folkebibliotek som attraktiv møteplass er viktig for innbyggarane i kulturbygda Sør-Fron, og viktig for vidareutvikling av kommunesenteret Hundorp, slo politikarane fast.

Kommunestyret har også gjort vedtak om at å gjere plass til kommunen sin helsestasjon i lokala, samt at ny brannstasjon skal inn i underetasjen.  

I vedtaket frå 07.09.2023 heiter det at «Helsestasjonen og helsestasjon for ungdom får nye lokaler i tilknytning til nytt bibliotek i kommunesenteret. Behovet for lokaler og utformingen av disse innarbeides og tas hensyn til i det videre arbeidet med nytt bibliotek og renovering av kontorlokaler i kommunehuset. Målet med tiltaket er å frigjøre plass på Sørheim, samt løse behovet for lokaler og gi en bedre møteplass for brukerne av helsestasjonen. Helsestasjonen for ungdom må ha tilbud om ettermiddagen.»

Det betyr ei spennande samlokalisering av kommunale tenester i sentrum.

Har spennande planar  

Biblioteksjef Marit Kamp Lie er godt i gang med detaljplanlegginga av det nye biblioteket.  

– Det at vi måtte stenge var fælt, og det har vore leitt at vi ikkje har hatt ope hovudbiblioteket sidan mars, seier biblioteksjefen.  

– Det blir bra å få nye lokalar, og nytt inventar. Nå ønskjer vi å fylle det nye biblioteket med liv, seier Kamp Lie.  

Biblioteksjefen er midt i prosessen med å ferdigstille bibliotekplan for Sør-Fron, som har tittelen «Mitt drømmebibliotek». Ho håpar innspela som har kome der, og tankane som er tenkt i planarbeidet, kan tas med inn i nytt bibliotek. Ho er ikkje i tvil om kvifor det nye biblioteket blir viktig.  

– Det er viktig med ein møteplass. Og det er viktig med godt utval av litteratur som er tilpassa innbyggarane våre. Dette gler vi oss til, avsluttar Marit Kamp Lie.   

Midlertidig bibliotek i tilknyting til Servicekontoret fortsett fram til nye lokalar er klare, for å best mogleg ivareta brukarane sine behov, medan dei ventar på eit heilt nytt bibliotek.  

Det er for tidleg å seie noko om når dei nye lokala står klare.