Høring om “Forskrift til opplæringslova for grunnskulen, Sør-Fron kommune, Innlandet”

Ny opplæringslov krev at fleire lokale forskrifter skal vedtakast før lova trer i kraft 1. august 2024. Forslaget til den lokale forskrifta omhandlar blant anna skule-reglar som elevar skal følgje når dei går på skulen.

Helse-  og oppvekstutvalet ved Sør-Fron kommune gjorde 23.04.2024 følgjande vedtak (7-0) i sak 012/24 “Høring - Forskrift til opplæringslova for grunnskulen i Sør-Fron kommune”

Helse- og oppvekstutvalet sender forslaget “Forskrift til opplæringslova for grunnskulen, Sør-Fron kommune, Innlandet " på høyring. Saka skal leggjast fram for kommunestyret når høyringa er ferdig.

Etter dagens opplæringslov er det gjort unntak frå kunngjeringskravet i Norsk Lovtidend (Lovdata) i forvaltningslova § 38 for fleire lokale forskrifter. Dette unntaket vert fjerna i den nye opplæringslova. Det betyr at kommunane skal kunngjere fleire forskrifter i samband med at den nye lova trer i kraft frå 1. august 2024.

I forslaget til forskrift er det gjort fleire endringar i forhold til dagen reglar, og kommunen vil gjerne ha innspel frå elevar, tilsette, FAU og andre på forslaget til forskrift.

Vedlagte forslag til forskrift handsamar dei områda som ny opplæringslov krev lokal forskrift til:
 Hovudmål ved grunnskulen i Sør-Fron kommune
 Skulerute
 Skulefritidsordning (SFO)
 Permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring
 Skulereglar og skuledemokrati 

Her er forslaget til forskrift:

https://innsyn.acossky.no/sorfron/prod/postliste/wfdocument.ashx?journalpostid=2023018718&dokid=410692&versjon=1&variant=A&

Her finn de saksgrunnlaget frå administrasjonen i kommunen til saka:

https://innsyn.acossky.no/sorfron/prod/postliste/wfdocument.ashx?journalpostid=2023018718&dokid=410343&versjon=18&variant=A&

Send inn høringsinnspel

Høringsinnspel på forslaget til forskrift sendast til postmottak@sor-fron.kommune.no innan 1. august 2024. merk høringsinnspelet med 24/364.