Lunsj for matsjåfører

Sida matsjåførane har stått på og kjørt ut mat i heile koronatida, synest vi at dei fortener å bli gjort litt krus på. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Derfor vart dei invitert til lunsj på Sør-Fron arbeids- og frivilligsenter i tre grupper, der dei hygga seg med koldtbord frå Annis pølsemakeri, kaffe og kake. Praten gjekk lett, såpass at fotografen berre fekk tatt bilde av den eine gruppa. Desse får stå som representantar for heile gjengen av innsatsvillige matsjåførar!