Miniserie om koronaviruset i Sør-Fron kommune

Testteam – komprimert.jpg

Sør-Fron kommune har laga ein miniserie om dei svært spesielle dagane i mars og april 2020. Gjennom fire episodar prøver vi å vise korleis vi som kommune har jobba med koronakrisa. 

Episode 4 (30. april)

I fjerde og siste episode av vår miniserie om koronakrisa handlar det om beredskap. Her får vi krisa sett frå kommuneoverlege Anders sin ståstad, beredskapskoordinator Trond fortel om kommunal kriseleiing før rådmann og ordførar pensar over på eit anna viktig tema: Flomberedskap. Takk for følget - så langt!

 

Episode 3 (24. april)

Vår miniserie om koronaviruset og situasjonen i Sør-Fron rullar vidare. I tredje episode tek vi turen til Gålå der både næring og hytter blir tema, vi får høre om konsekvensar for ein av våre kulturarrangørar og til sist dreg vi på oss badehetta og får ei oppdatering frå eit koronastengt Fron badeland!

 

Episode 2 (17. april)

 

I andre episode av miniserien møter vi mellom anna Ingeborg på koronatelefonen, vi får eit ekslusivt blikk inn på koronateststasjonen, og vi møter ergoterapeutar og tilsette på Sørheim omsorgssenter, samt vårt eige legesenter.

 

Episode 1 (10. april)

Koronakrisa har ramma samfunnet vårt og oss alle. Det er ein heilt ny kvardag for små og store. Gjennom fire episodar - i fire veker framover - prøver vi å vise korleis vi som kommune har jobba desse vekene - korleis krisa har påverka oss, våre tilsette og innbyggjarane våre. I fyrste episode stikk vi ein tur innom vaskeriet og kjøkenet på Sørheim omsorgssenter, og vi møter ei av reinhaldarane våre som har vorte flytta frå barnehagen til Sørheim. Snurr film!