Ny legevaktordning for Fronskommunane

Frå 30. august 2021 blir legevaktsordninga Fronsvakta avvikla, og drift av legevakt blir overført til Lillehammer interkommunale legevakt.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Den praktiske følga av den nye legevaktsordninga er at oppmøtestad for legevakta i Nord-Fron og Sør-Fron no blir Lillehammer interkommunale legevakt. Dette gjeld både på kveld, helg, natt og i høgtider. Behov for oppmøte blir drøfta på telefon med operatør når ein tek kontakt på 116 117.

Legevakta skal nyttast når det er behov for umiddelbar hjelp, som ikkje kan vente til legekontoret har ope. Dette gjeld både for fastbuande og besøkande. Det nasjonale legevaktsnummeret gjeld framleis - 116 117. Dersom situasjonen anses som alvorlig skal man kontakte ambulanse/AMK på 113.

Alvorlighetsgradane når ein kontakter legevakta er

  • Grøn = innringer kan normalt vente til fastlegens opningstid. Operatør gir råd og rettleiing ut frå aktuell situasjon
  • Gul = innringer blir satt opp til konsultasjon ved legevakta. Ut ifrå tilstand kan det bli beslutta å få transport til legevakta på Lillehammer.
  • Raud = innringer treng ambulanse, rekvirert av legevakta.

Legebesøk som vanleg

Legetimer blir framleis bestilt elektronisk eller via telefon til fastlegekontoret. Legekontoret ivaretek også eventuelle behov for umiddelbar medisinsk hjelp på dagtid. Dersom din fastlege ikkje er tilstades vil vikar eller andre fastlegar ivareta dine behov.

Sør-Fron legesenter har telefon 61 29 91 00. Vinstra legekontor har telefon 61 21 63 00.

Sjå informasjon om fastlege, legevakt og ambulansetenester (PDF, 186 kB)