Omfattande testing og tiltak etter smittetilfelle

FHI Vi har fått eit nytt smittetilfelle i Sør-Fron kommune i dag, tysdag 20. april. Som eit resultat av dette er det iverksett omfattande testing og fleire strakstiltak er innført.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Ein person frå Sør-Fron testa positivt for korona tysdag 20.04. Nå blir tilsette og bebuarar ved ei avdeling på Sørheim omsorgssenter, samt elevar og tilsette ved Vinstra vidaregåande skule (VVS) testa. Smittevegen er førebels ukjent, og det er derfor sett i verk omfattande testing både ved VVS og Sørheim. Tre klasser ved VVS blir testa tysdag kveld.

– Testlaben på Lillehammer er varsla om at det kjem store mengder med prøver frå oss og dei har lova at dei skal prøve å ta unna desse så fort som mogleg. I og med at ein ikkje har funne smittekjelda, vil vi ta ei vidare avgjerd på om fleire elevar og lærarar ved VVS skal bli testa, i morgon, seier Ingeborg Hagen i smittesporingsteamet i Sør-Fron.    

SFU i ventekarantene

Heile Sør-Fron ungdomsskule vart tysdag sett i ventekarantene.

– Etter at vi vart varsla om smitten i dag tidleg, sette vi straks i gang med å varsle foreldre. Det gjekk svært fort til skulen vart tømt for tilsette og elevar, og vi opplevde situasjonen som stille og roleg, fortel rektor Eivind Lund.

Han reknar med at SFU vil vera attende i vanleg drift frå torsdag, dersom det ikkje kjem fleire positive prøver.

Stenger avdeling på omsorgssenteret

Ei avdeling på Sørheim omsorgssenter er stengt for besøk etter at smitten vart avdekka.

– På den eine sjukeavdelinga er fleire tilsette sett i ventekarantene. Desse er nå testa. Pasientane på avdelinga er også sett i ventekaratene og blir testa i løpet av dagen i dag. Bemanningsmessig klarar vi dette greitt, og stemninga er stille og roleg. Avdelinga det gjeld er midlertidig stengt for besøk inntil situasjonen er avklart, forklarar kommunalsjef for helse og omsorg Irene Hagen.  

Kommuneoverlege Anders Brabrand seier situasjonen er krevjande, særleg i og med at smittevegen er ukjent.

– Alle bebuarane er vaksinert, men beskjeden frå FHI er at ein skal handtere situasjonen likt uavhengig av vaksinasjon. Derfor tek vi dette på stort alvor, og det vil bli krevjande dei neste ti dagane, seier Brabrand.  

 

Kontakt:                                

Ole Tvete Muriteigen           Ordførar                                911 08 725

Rune Fromreide Sommer    Rådmann                              926 91 632

Anders Brabrand                 Kommuneoverlege                990 45 124