Opning av pilegrimsrom på Hundorp

Sør-Fron kommune inviterer saman med Dale-Gudbrands gard kurs- og konferansesenter, Gudbrandsdalsmusea og Pilegrimssenter Dale-Gudbrands gard til opning av pilegrimsrommet på Hundorp, søndag 4. februar kl. 13:00.

Pilegrimsrommet på Dale-Gudbrands gard av kunstnar Borgny Svalastog.  - Klikk for stort bilde Andrew Boothman

Borgny Svalastog og Tarjei Svalastog er kunstnarleg ansvarlege for Pilegrimsrommet. 

Det offisielle opningsprogrammet startar i gymsalen på Dale-Gudbrands gard kl. 13:00. 

Her blir det mellom anna helsing frå biskop Ole Kristian Bonden og musikalske innslag ved Mari Skeie Ljones.