Skulane opnar att for fullt

Harpefoss oppvekst 290512.jpgSkulane i Sør-Fron opnar att for fullt 2. juni. Det avgjorde skuleleiinga i Sør-Fron fredag 29. mai.   

Harpefoss oppvekst 290512.jpgDet er i dag, fredag 29. mai, sendt ut informasjon på sms til alle føresette til skulebarn i Sør-Fron, på bakgrunn av dei nye smittevernrettleiarane som vart gjort tilgjengeleg same dato.

Vi opnar Sør-Fron ungdomsskule for alle trinn tysdag 2. juni, opplyser rektor ved Sør-Fron ungdomsskule, Eivind Lund.

- Når det gjeld transport så kan søsken eller klassekameratar sitte saman på bussen, elles gjeld dei same reglane, seier Lund. 

Også barneskulane opnar att for fullt rett etter pinsehelga. 

Harpefoss oppvekst har hatt ope for alle elevar sidan 11. mai, nå blir det full opning også på Midtbygda.

- Vi opnar Midtbygda skule for alle trinn frå tysdag 2. juni, seier rektor Anne Almehagen. 

Sfo er fortsatt ope frå kl. 08.00-15.30, til anna beskjed blir gitt.

Informasjon om opningstider i barnehagane finn du her.