Stolpejakta: Ny stolpe på plass på Koto

Koto.jpg - Klikk for stort bilde Torsdag 16. juli vart stolpen ved Fremre Vulutjønna tatt ned. Fredag var ny stolpe nr 48 på plass på Koto, 1015 meter over havet. 

Koto.jpg - Klikk for stort bilde Rondane-Dovre Nasjonalparkstyre avgjorde torsdag 16. juli at vi måtte fjerne stolpen ved Fremre Vulutjønna. Dette vart gjort same dag.

Fredag var ny stolpe på plass på Koto innafor Skutelen på Harpefoss. Koto er ein fin fortsettelse av turen til utsiktspunktet Skutelen over Sør-Fronsbygda, ca 1,2 kilometer lenger opp. Stolpepunktet ligg på 1015 meter, og går du frå Harpefoss sentrum er det imponerande 765 høgdemeter! Ei skikkeleg klatreetappe med andre ord.

Det er same stolpen som stod ved Vulutjønna som nå står på Koto, men den har fått ny farge: Raud. 

Grunnen til at stolpen ved Vulutjønna måtte fjernast er at oppsetting av stolpar/turpostar i område som er viktige for villrein er ikkje i tråd med verneformålet, og vil kunne være til skade for verneverdiane i Rondane nasjonalpark.

Av tidlegare saker går det fram at det er praksis for ikkje å gje løyve til oppsetting av turpostar i område som er viktige for villreinen, opplyser nasjonalparkstyret i brev til kommunen datert 16.07.2020. 

Søkte om å få behalde stolpen

Den aktuelle stolpen var plassert inntil den merka DNT-stigen som går forbi Sør-Fronsbua ved Fremre Vulutjønn. Sør-Fron kommune søkte om å få behalde stolpen der ut årets Stolpejakt.

- Det fekk vi avslag på, og vi forheld oss sjølvsagt til det vedtaket, fortel kulturleiar Bjørn K. Sletten.

Flyttinga vil ikkje ha noko betydning for dei som allereie har tatt 50 stolpar, eller dei som har tatt stolpen ved Vulutjønna som ein av sine stolpar. 

Les heile avslagsbrevet frå Nasjonalparkstyret her.  (PDF, 7 MB)

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 17.07.2020 20.29
Fant du det du lette etter?