Stolpejakten startar 1. mai!

Rekordlite snø gir rekordtidleg start på årets Stolpejakt. 1. mai er 30 stolpar klare for å bli jakta på!

Oppdatering 16. mai:

Vi opna seks nye stolpar frå og med 16. mai. Det er

  • Payvarden/Storhaugen
  • Dørdalsknappen
  • Røgnhøgda
  • Skjerellkampen
  • Svintjønna
  • Steinbua i Langvassdalen

Stolpejakta i Sør-Fron har vanlegvis starta 15. juni. Lite snø i bygda og på fjellet gjer at vi i år kan starte opp jakta på mange av stolpane mykje tidlegare.

 Les meir om korleis du deltek på Stolpejakten her

- Vi opnar 30 av 60 av årets stolpar 1. mai. Om vær og føre held fram som nå, er målet å opne resten av stolpane etterkvart og seinast innan 1. juni, seier tenesteleiar for kultur og næring i Sør-Fron kommune, Bjørn K. Sletten. 

Ivrige frivillige

Stolpejakten i Sør-Fron blir arrangert av kommunen, men med seg på laget har dei gode frivillige hjelparar som både bidreg med gode forslag til nye stolpepunkt, og ikkje minst er dei med på å få stolpane ut i terrenget.   

I år som tidlegare år er det ein del nye stolpepunkt, samtidig som ein har behelde nokre gode, gamle turmål.

- Tanken er som før at dette skal vera eit bra folkehelsetiltak. Det er ikkje om og gjere å kome fyrst i mål, men å vera mest mogleg ute på tur, seier Sletten.  

Vis omsyn til naturen

Sannsynlegvis blir 2022 eit unntaksår med tanke på så tidleg oppstart. Lite snø gjer det famkommeleg mange stader - samtidig er det viktig å hugse på å vise omsyn ute i naturen på denne tida.

- Vis respekt for fuglar og dyr, og ta omsyn til at naturen nå vaknar opp etter vinterdvalen. Trå forsiktig på stiane, og unngå bilkjøring på setervegar og liknande i vårløysinga, seier Sletten.

I appen Stolpejakten finn du dei stolpane som er opna frå og med 1. mai. Dei som ikkje er opne, er merka i namnet på stolpepunktet med "NB! Ikkje tilgjengeleg - opnar seinast1. juni!".