Tusenårsfesten er i gang! Sjå kva som skjer torsdag.

Tusenårsfesten Hundorp 2021 er i gang. Torsdag blir det gudsteneste i kyrkja kl. 11:00, offisiell opning av festen kl. 13:00 på Dale-Gudbrands gard og "Signe frå Bjølstadmo" på kulturhuset på ettermiddagen. I tillegg legg vikingane ut på roturen oppover Laugen!

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Dette skjer torsdag:

Kl: 11:00 Gudsteneste i Sør-Fron kyrkje

Klokka 11 opnar vi dagen med gudsteneste i Sør-Fron kyrkje. Her møter kyrkjemusikk eldre folkemusikk. Det blir mellom anna innslag av lokale musikarar.  

Kl. 13:00 Offisiell opning av Tusenårsfesten på Dale-Gudbrands gard

  • Opningstalen for Hundorp 2021 blir helde av ordførar Ole Muriteigen.
  • Spoken word artist Jeaninne Masika Harrysson kjem med sitt bestillingsverk for Hundorp 2021 saman med Rasmus Kjorstad, det blir talar, diktlesing og musikalske innslag.
  • Hit kjem Biskop Solveig Fiske, og vi får ein smakebit på Signe frå Bjølstadmo med Anders Baasmo, Rebekka Opdal Christiansen og Trondheimssolistane.
  • Representantar for Nasjonaljubileet NORGE I TUSEN ÅR gir oss ei kort innleiing til nasjonaljubileet og overrekker flammen som aldri skal slukke. 
  • Fortida er sentralt tema for denne fyrste dagen og tala til Fredrik Paasche frå 900-årsjubileet blir framført i sin heilskap, ved vår eigen Rasmus Stauri.
  • I tillegg blir det musikalske innslag ved Fron kulturskule og Norsk Lur- og Bukkhornlag. Kulturskulen har blant anna laga ei eigenkomponert fanfare frå vikingtida.

Kl 13:30 Vikingskipsferden startar

Det er 1000 år sidan forrige vikingskip var på ferd i Gudbranddsdalen og no er det klart for ei ny ferd!

Du kan møte skipet langs Laugens breidder og helse det vidare!

Du kan følgje livestream direkte frå vikingskipet på Facebook-sida til Hundorp 2021, eller på heimesida til tusenårsjubileet: https://hundorp2021.no/project/vikingskipets-ferd-opp-laugen/

Vikingskipsferden startar kl 13:30. Sjå detaljert program for ferda her.

Kl. 16:00 Signe frå Bjølstadmo i Sør-Fron kulturhus

Hans Rotmo og Hans Løkken sitt musikalske verk Signe frå Bjølstadmo kjem endeleg heim! Historia handlar om Signe frå Bjølstadmo som skulle gå til Vekkom med ei geit på same tid som Olav Digre (Haraldsson) ville kristne dalen.

Dette er eit musikalsk verk som aldri har vore oppført i Gudbrandsdalen tidlegare. Hovudrollane blir sunge av Rebekka Opdahl Christiansen og Anders Baasmo.