Elev frakta til sjukehus etter akeulykke

Midtbygda skule - Klikk for stort bilde Bjørn K. Sletten Ein elev ved Midtbygda skule er frakta til Ullevål sjukehus etter ei akeulykke torsdag 14. januar.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

– Det har skjedd ei ulykke i akebakken, med ein elev i 7. klasse, fortel rektor Anne R. Almehagen. 

Eleven vart sendt til Ullevål sjukehus etter ulykka saman med sine pårørande. Alle foreldre ved skulen har mottatt melding om hendinga.   

Både elevar og tilsette på skulen, blir nå følgt opp etter gjeldande beredskapsplanar for skulane i Sør-Fron. 

– Rådgjevar frå PP-tenesta og eg har vore i alle klasser og prata med elevane om det som har hendt. Det er viktig at foreldra også heime pratar med elevane om dette, seier Almehagen. 

Oppdatering 15.01:

Dette er ei svært alvorleg ulykke, og vi støttar dei pårørande så godt vi kan. Delar av kriseteamet er til stades på skulen for å ivareta tilsette og elevar som er berørt.  

Sør-Fron kommune har fredag 15.01. saman med politiet hatt ei befaring av akebakken ved Midtbygda skule. Det er beslutta at akebakken er stengt inntil vidare, og kommunen går nå gjennom alle rutinar for å forsikre seg om at dette ikkje skal skje igjen. Det blir også tatt ein gjennomgang av tryggleik knytt til aking og leik utandørs på alle skular og barnehagar.

Kontaktperson for presse:
Rektor Anne Almehagen, tlf. 48092032, 
e-post: anne.almehagen@sor-fron.kommune.no