Opne dører og breie smil på biblioteket

Bibliotek 1.jpg - Klikk for stort bilde Sør-Fron bibliotek opna opp att 27. april etter nærare ein og ein halv månads koronastenging. Førre veke var biblioteket attende med normale opningstider. 

Biblioteksjef Marit Kamp Lie og bibliotekassistent Anne Dalbak Evensen er godt nøgd med å vera i gang att.  - Klikk for stort bildeBiblioteksjef Marit Kamp Lie og bibliotekassistent Anne Dalbak Evensen er godt nøgd med å vera i gang att. Bjørn K. Sletten Etter eit par veker med berre måndagsopent bibliotek, har Sør-Fron bibliotek dei siste to vekene kjørt normale opningstider - det vil seie måndag 12:00-19:00, onsdag 10:00-15:00 og torsdag 10:00-15:00. 

Og folk set pris på at biblioteket nå er ope att.

- Det har vore mykje folk innom for å låne bøker, og ikkje minst har folk fått levere inn att bøkene dei har hatt lenge, seier Marit Kamp Lie og Anne Dalbak Evensen på biblioteket.  

Det er den siste tida kjøpt inn mange nye e-bøker til biblioteket - lurer du på noko omkring lån av e-bøker kan Marit og Anne hjelpe deg med dette!

Ekstra reinhald og retningsliner

På boktralla i gangen skal lånarane levere bøkene - i plastpose - før dei går inn på biblioteket.  - Klikk for stort bilde Sør-Fron bibliotek vart stengt som følgje av koronaepidemien den 8. mars. Til gjenopninga den 27. april vart det innført retningsliner for inn- og utlån for å ivareta tryggleiken både til lånarar og tilsette på biblioteket.

- Vi følgjer sjølvsagt smittevernsrutiner nøye og ber brukarane våre om å gjere det same, seier Marit og Anne, trygt plassert bak pleksiglas i skranken. 

På handikap-toalettet rett innafor bibliotekets inngangsdør er det vask, som alle som skal inn på biblioteket må nytte seg av før dei går inn, og når dei drar igjen. Vidare er det viktig at alle held god avstand til kvarandre, og du skal ikkje gå på biblioteket om du er sjuk. 

På facebook-sida til biblioteket kan du lese meir om kva for retningsliner som gjeld.

Det er for tida auka reinhald på biblioteket i samband med koronasituasjonen. Derfor er det også slik at bøker lånarane leverer inn skal legges på bord rett innafor inngangen - før ein vaskar hendene. 

Kronglete adkomst

I tillegg til stenging og gjenopning, er vi klar over at sume slit med å finne fram til biblioteket for tida, på grunn av bygningsarbeid på kommunehuset.

- Svalgangen er stengt på grunn av anleggsarbeid ved hovudinngangen, og døra i underteasjen er også stengt på grunn av koronasituasjonen. Derfor må lånarane våre nytte døra i 2. etasje, same etasje som inngangen til legekontoret, forklarar Marit Lie Kamp avslutningsvis.  

Sjå biblioteket si heimeside for fleir detaljar og søk i bokkatalogen!

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 20.05.2020 15.07
Fant du det du lette etter?