Vil gi barn og unge «diamantkompetanse»

leiarar oppvekst.jpgDette året har skulane og barnehagane i Sør-Fron starta opp prosjektet «Trivsel, læring og vekst i Sør-Fron kommune – satsing på barn og unge!». Prosjektet er initiert frå skule-og barnehageleiinga, blir organisert frå administrasjonen og er forankra i kommuneleiinga og kommunestyret.

Leiarane i oppvekstavdelinga i Sør-Fron kommune.- Bakgrunnen for satsinga er at eit stort fleirtal av elevane i skulane våre opppgir at dei er umotiverte for skule/kjeiar seg på skulen. Elevane scorar også relativt lågt på spørsmåla om dei er stolte av bygda og skulen sin. Faglege resultat ligg lågare enn vi ønskjer, seier pedagogisk rådgjevar i Sør-Fron kommune, Tori Virik Nøvik. 

Leiinga i oppvekstsektoren har eit ønskje om å gjere noko med innhaldet i skulen for å snu desse trendane.

- Vi ønskjer også å danne ein heilskapleg pedagogisk profil rundt dette for alle barnehagane og skulane i kommunen – ein «raud tråd» med felles fokusområder, seier Nøvik. 

Kva er diamantkompetanse?

Målet med prosjektet er å gi elevane / barna meir motivasjon for læring og auka meistring og heimstadstoltheit gjennom

  • sterkare medverknad i leik-, lærings- og vurderingssituasjonar.
  • meir bruk av lokalmiljø i læring og leik for å gjere læringa meir meiningsfull og barn/unge betre kjende i eige lokalmiljø (og samstundes styrke heimstadstoltheit og identitet).
  • stort fokus på «diamantkompetanse»

Diamantkompetanse er å tileigne seg fagkompetanse gjennom å

  • utforske og skape
  • samhandle, kommunisere og delta
  • lære å lære

Frå hausten blir det innført nye najonale læreplanar i skulen.

- I Sør-Fron ønskjer vi å bruke hovudkompetansene i ny læreplan i arbeidet med å auke motivasjonen for læring og heimstadstoltheit. Vi har samla desse fokusområda i ein visuell diamant som vi kallar «Sør-Fronsdiamanten», og som synleggjer det vi kallar «Diamantkompetanse». Diamanten skal vere ei påminning om at vi skal ha meir praktisk læring, meir variasjon og meir aktivitet (gjerne i lokalmiljøet) for i større grad å kunne møte alle sine læringsstilar, og dermed auke motivasjonen.

Kompetanseheving

Heile dette skule-/barnehageåret har vi hatt jamleg kompetanseheving av personalet i oppvekstsektoren innan «diamantkompetanse», og knytt prosjektet opp mot nye nasjonale fagplanar for skulen og Rammeplan for barnehagen. Vi har også utvikla planar og malar for korleis vi skal implementere dette i læring og aktivitetar i alle skulane og barnehagane. Dette vil bli betre kjent for barn, unge og føresette frå hausten 2020.

Østlandsforsk og Senter for entreprenørskap i utdanningen på Høgskolen Innlandet har fatta interesse for prosjektet, og følgeforskar delar av arbeidet.