Informasjon om korona desember 2020

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Tysdag 29. desember

11:00 Ingen nye smittetilfelle

Det er ikkje registrert nye smittetilfelle i Sør-Fron sidan 2. dag jul. Tysdag 29. desember beslutta kriseleiinga i kommunen at skular og barnehagar startar opp som planlagt etter nyttår

Laurdag 26. desember

17:00 Tre nye smittetilfelle

Det er tre nye smittetilfelle i Sør-Fron gjennom julehelga - eitt på julekvelden, og to på 2. dag jul. Smittevegane er kjente, og dei smitta satt allereie i karantene.

Onsdag 23. desember

12:00 Opnar Sørheim for besøk frå næraste pårørande

Kriseleiinga i Sør-Fron beslutta 23.12.2020 at næraste pårørande kan få besøke bebuarar på Sørheim omsorgssenter. Ut over dette blir alle tiltak videreført inntil vidare.

 

11:00 Smittetilfelle, isolasjon og karantene per 23.12.2020

  • Det er fem nye påviste smittetilfelle i Sør-Fron tysdag 23.12, to vaksne og tre barn og unge.
  • Totalt er det nå 29 sørfrøningar som sit i isolasjon.
  • 85 personar er i karantene.  

Tysdag 22. desember

14:00 Fire nye smittetilfelle

Det er fire nye påviste smittetilfelle i Sør-Fron tysdag 22.12. Alle er knytt til smitteutbrotet i barnehagane, og to av desse har samanheng med andre gongs re-testing av barna i barnehagen. 

Måndag 21.desember

14:00 Angående betaling av barnehage for desember

Redusert barnehagetilbud i desember vil bli avregna på en senere faktura på nyåret. Avregning blir gjort i samsvar med gitt barnehagetilbud.

Utsendt faktura for desember betales som normalt.

13:00 Informasjon om vaksinering

På nyåret kommer den første forsyningen med koronavaksine til Sør-Fron kommune. Les meir her. 

Laurdag 19.desember

14:00 Seks nye smittetilfelle

Det er seks nye påviste smittetilfelle i Sør-Fron laurdag 19.12.

Samtlege var i karantene frå før, og har tilknyting til smitteutbrotet i barnehagane i Sør-Fron. 

Fredag 18. desember

15:40 Vidareførar tiltak

Kriseleiinga i Sør-Fron vidarefører tiltaka som vart innført 9. desember og inntil vidare.

13:00 Eitt nytt smittetilfelle

Det er påvist eitt nytt smittetilfelle i Sør-Fron 18.12. Personen som er smitta var i karantene frå før. 

Torsdag 17.desember

18:00 Sju nye smittetilfelle

Det er sju nye påviste smittetilfelle i Sør-Fron torsdag 17.12, seks barn og ein vaksen.

Samtlege var i karantene frå før, og alle dei nye tilfella er knytt til smitte i barnehagane i Sør-Fron. 

Onsdag 16.desember

15:00 Tre nye smittetilfelle

Det er tre nye påviste smittetilfelle i Sør-Fron onsdag 16.12. Samtlege var i karantene frå før. 

Viktig informasjon om legevakta og legesenteret

I uke 51 vil det i enkelte perioder være vanskelig å komme gjennom på telefonen til Sør-Fron legesenter. Dette er på grunn av at Vinstra legekontor har stengt fram til 21.12, og henvendelser fra Nord-Fron også blir sendt til vårt legesenter. Du finner mer informasjon her.

Tysdag 15. desember

Fem nye smittetilfelle 

  • Det er fem nye påviste smittetilfelle i Sør-Fron tysdag 15.12. Samtlege var i karantene frå før. 

Informasjon fra psykisk helse

På grunn av smittesituasjonen i Sør-Fron er Sørheim stengt for besøkende i første omgang fram til 20.12.2020. Alle planlagte avtaler i psykisk helse blir derfor tatt på telefon. Vi reiser på hjemmebesøk der det er nødvendig.

- Ha lav terskel for å kontakte oss, telefoner er bemannet på hverdager kl. 08-15.30.

Ved behov for akutt hjelp etter åpningstid ring legevakt 116 117.
Mental helse sin hjelpetelefon er døgnåpen 116 123.

Regjeringa forlengar dei nasjonale retningslinene

I dag informerte regjringa om at dei nasjonale smitteverntiltaka blir vidareført til siste halvdel av januar. 

Les meir her.

Informasjonssending om korona i Sør-Fron

Måndag 14. desember hadde Sør-Fron kommune direktesending om koronasituasjonen. Ordførar Ole Tvete Muriteigen, rådmann Rune Fromreide Sommer og kommuneoverlege Anders Brabrand deltok. 

Sendinga kan du sjå her:

  

Mandag 14.desember

Regjeringen har endret covid-19-forskriften om karantenehotell 

Den viktigste endringen er at personer som har et annet formål med oppholdet enn arbeid eller oppdrag og kan dokumentere at de har et annet egnet oppholdssted for karantene, ikke må på karantenehotell.
Her finner du utfyllende informasjon om endringene.

Heimeundervisning fram til juleferien

Kriseleiinga i Sør-Fron kommune beslutta måndag å halde alle skulane i kommunen fysisk stengt til etter juleferien

Det betyr at det blir heimeundervisning for alle skulelevar på Harpefoss skule, Midtbygda skule og Sør-Fron ungdomsskule fram til juleferien. Unntaket er barn av foreldre i kritiske samfunnsfunksjonar – dei vil få undervisningstilbod på skulen. 

Søndag 13. desember 

Eitt nytt smittetilfelle søndag 13. desember

  • Det er eitt nytt påviste smittetilfelle i Sør-Fron søndag 13.12 - eit barnehagebarn som allereie satt i karantene.
  • Måndag 14. desember samlast kriseleiinga i Sør-Fron for å vurdere om skulane skal opnast att gradvis eller heilt. Det vil bli sendt ut informasjon om dette så snart ei avgjerd er tatt. 
  • Barnehagane vil framleis vera stengt inntil vidare. 

Laurdag 12. desember 

Nye smittetilfelle laurdag 12. desember

  • Det er 4 nye påviste smittetilfelle i Sør-Fron laurdag 12.12., alle tilfella har kjente smittevegar.
  • Totalt er det nå 48 positive tilfelle i Sør-Fron, og om lag 270 personar sit i karantene.
  • Fredag 11.12. vart fyrste tilfelle oppdaga gjennom bruk av hurtigtest. Det gir gode moglegheiter til å spore tidlegare.

Fredag 11. desember 

Nye smittetilfelle fredag 11. desember

  • Det er 4 nye påviste smittetilfelle i Sør-Fron fredag 11.12.
  • Totalt er det nå 44 positive tilfelle i Sør-Fron, og om lag 270 personar sit i karantene.

– Innbyggjarane våre skal føle seg trygge

Det er viktig for kriseleiinga i Sør-Fron å understreke at kommunen sin tenesteproduksjon held fram tilnærma normalt på trass av tiltaka.

– Våre innbyggjarar skal føle seg trygge på at dei får dei tenestene dei har krav på, sjølv om vi står i ein spesiell situasjon akkurat nå, seier rådmann Rune Fromreide Sommer.    

Torsdag 10. desember

Nye smittetilfelle i Sør-Fron

  • Det er 7 nye påviste smittetilfelle i Sør-Fron torsdag 10.12.
  • Totalt er det nå 40 positive tilfelle i Sør-Fron, og om lag 270 personar sit i karantene.
  • Torsdag vart 170 personar testa på testasjonen.

 

Ikkje møt på legesenteret utan avtale

På grunn av smittesituasjonen i Sør-Fron iverksett Sør-Fron legesenter tiltak for å stanse spreiing av covid19-smitte i kommunen.  

– Ikkje delta på arrangement i andre kommunar

Det er for tida høgt smittepress i Sør-Fron, og alle fritidsaktivitetar er midlertidig stengt ned. Alle arrangement er også avlyst.

Med bakgrunn i dette anbefalar kommuneoverlegen innbyggjarar i Sør-Fron å heller ikkje delta på arrangement i andre kommunar. 

– Det er openbart at når vi avlysar arrangement i kommunen, så bør heller ikkje personar frå vår kommune delta på arrangement i andre kommunar, seier kommuneoverlege Anders Brabrand.

Onsdag 9. desember

Går over til heimeundervisning på alle skular i Sør-Fron

Kriseleiinga i Sør-Fron har i sitt møte den 09.12.2020 beslutta følgjande:  

  • Alle klassetrinn på båe barneskulane (Harpefoss og Midtbygda) går over til fjernundervisning frå og med 10.12.2020 og inntil vidare. Dette blir gjort på grunn av driftsomsyn.
  • Sør-Fron ungdomsskule held fram med fjernundervisning inntil vidare.
  • Barnehagane i Sør-Fron er også stengt inntil vidare.
  • Det er utruleg viktig at vi skjermar omsorgssenteret for smitte. Sørheim omsorgssenter forblir derfor stengt for besøk.

Alle tiltak gjeld i utgangspunktet ut veke 51, altså til søndag 20. desember. Status blir vurdert fortløpande.Du kan lese meir her.

Det blir også synt til tiltak som vart innført frå og med 09.12.2020. 

 

Kommuneoverlegens forventningar til alle i Sør-Fron

Det pågår eit større smitteutbrot i Sør-Fron kommune. Fleire er smitta og mange er i karantene,  nok som får konsekvensar for skulekvardag og barnehagedagen. Kommuneoverlege Anders Brabrand har fire forventningar til alle innbyggarar i Sør-Fron kommune.

Tysdag 8. desember

Nye tiltak innføres onsdag 9. desember

I dag er det totalt meldt om 13 nye positive koronatilfelle i Sør-Fron. Smittevegane i alle av dagens tilfelle er kjente.  Som følgje av dei nye tilfella og den pågåande smittesituasjonen i Sør-Fron blir det innført nye tiltak frå og med onsdag 9. desember. Les meir om tiltaka her.

 

Tilbyr handlehjelp

For mange som anten er isolert eller er sett i karantene som følgje av smitteutbrotet i Sør-Fron, kan det vera vanskeleg å få gjort nødvendige innkjøp.

Ved behov for handlehjelp, kontakt frivilligkoordinator på mobil 948 861 38.

Måndag 7. desember

 

Stenger båe barnehagane

Både Harpefoss og Liene barnehage blir stengt inntil vidare frå og med 8. desember. Les meir her.

Sørheim midlertidig stengt for besøk

Sørheim omsorgssenter blir midlertidig stengt for besøkande frå og med 07.12.2020 inntil smittesituasjonen er avklart. Kriseleiinga vil understreke at det ikkje er smitte på Sørheim, men at ein stenger for å unngå smitte. Les meir.

Ny opningstid på koronatelefonen

Frå tysdag 8. desember utvidar koronatelefonen opningstida si. Ny opningstid blir frå 08.00 - 14.00. 

Søndag 6. desember

Nye smittetilfelle og nye tiltak

Det er søndag meldt om to nye smittetilfelle av Covid 19 i Sør-Fron kommune. Smittekjelde er kjent. 

Basert på at enkelte tilsette i barnehage og skule nå er i karantene, blir enkelte kohortar helde heime måndag 07.12. inntil prøveresultat er klart. Dei kohortane det gjeld har fått varsling om det. 

Lørdag 5. desember

Ber butikk- og julemarkedsgjester om å melde seg 

I forbindelse med smitteutbruddet i Sør-Fron, bes nå alle som har vært innom butikken Lykkeblikket på Harpefoss å melde seg.

Smittesporingsteamet i Sør-Fron ber nå alle alle som har vært innom butikken Lykkeblikket på Harpefoss fra og med onsdag 25. november til og med søndag søndag 29. november, inkludert adventsmarkedet mellom kl 13-16 om å umiddelbart ta kontakt. 

Det er svært viktig at alle som har vært der, uansett om du har symptomer eller ikke, og både de som har vært utenfor og inne i butikken - tar kontakt.

Ring 47 51 97 66 - telefonen er open alle vekedagar mellom 12-18.

Nye smittetilfelle i Sør-Fron laurdag

Tre personar har fått påvist koronasmitte i Sør-Fron laurdag. To av desse var i karantene frå før, den tredje har ukjent smittekjelde, opplyser kommuneoverlege Anders Brabrand. Som følgje av dei nye smittetilfella er 16 personar sett i karantene. 

 

Fredag 4.desember

Møte i kriseleiinga i Sør-Fron 

Det vart fredag 04.12.2020 gjennomført nytt statusmøte i kriseleiinga i Sør-Fron.    

Det er nå fleire smittetilfelle i Sør-Fron og Nord-Fron, og svært mange i karantene i dei to fronskommunane. 

Oppmodinga frå kommuneoverlegen og kriseleiinga i Sør-Fron er tydeleg: Ikkje vent med å teste deg, dersom du har symptom. Dette er svært viktig, da vi opplever at karantene og smitte kunne vore unngått dersom folk hadde vore flinkare til å teste seg tidlegare.  

I tillegg minner kommuneoverlegen om dei nasjonale råda om å unngå unødvendige reiser og å halde seg heime, og samtidig respektere karantenen.  

Onsdag 2. desember

Regjeringa sine råd til ei trygg julefeiring

Regjeringa la onsdag 2. desember fram sine tiltak i samband med julefeiringa i 2020. Les meir her. 

Tysdag 1. desember

Nytt smittetilfelle i Sør-Fron

Det er tysdag kveld meldt om eitt nytt smittetilfelle i Sør-Fron.

- Smittekjelde er foreløpig ukjent, men sporingsarbeidet pågår og vi håpar å kunne finne ein smitteveg når nærkontakter blir testa, opplyser kommuneoverlege Anders Brabrand.

41 personar er sett i karantene som følgje av dette i kommunane Ringebu, Sør-Fron, Nord-Fron og Sel.