Her finn du gjeldande nasjonale anbefalingar og reglar.
Desse lokale tiltaka gjeld nå:
Forventningar frå kommuneoverlegen
1. Unngå å besøke kvarandre
Mange av smittetilfella i kommunen skuldast smitte i private heimar. Ved å unngå å besøke kvarandre minimerer vi sjansen for nye smitteutbrot.
2. Ikkje vent med å teste deg!
Alle som merkar at dei får luftvegssymptom må teste seg med ein gong. Nokre av dei som har fått påvist korona har latt vera å teste seg fordi dei trudde det berre var vanleg forkjølelse. Det kan ein ikkje gå utifrå slik situasjonen er nå.
3. Hald éin meters avstand
Å halde ein meters avstand er eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere smitterisiko. Éin meters avstand reduserer risikoen for å bli smitta med 80 %! Til samanlikning reduserer munnbind risikoen med berre 18 %.
4. Ha respekt for karantenen
Dei som blir sett i karantene må respektere karantenereglane. Alle må sitte i 10 dagar uansett, sjølv om ein testar negativt.