Mandag 9. mars

 kl. 13.00 Dagtilbod og Torsdagstreff på Sørheim avlyses inntil vidare

Dei faste tilboda på Sørheims omsorgssenter blir avlyst inntil vidare, som følgje av situasjonen kring koronaviruset. 

Tilbod på Sørheim, som her på Torsdagstreffen, samlar mange frå utanfor institusjonen. Dette ønskjer vi nå å unngå.Dette gjeld dagtilbod tysdag, onsdag og fredag, samt torsdagstreffen. 

Desse arrangementa er opne for folk utanfor institusjonen, og med bakgrunn i at vi tidlegare har informert om begrensa besøksadgang på Sørheim, er det naturleg å avlyse desse tilboda inntil vidare. 

Sør-Fron kommune ønskjer å begrense besøk frå pårørande på Sørheim som følgje av situasjonen knytt til coronaviruset. Dette gjer vi av omsyn til brukarane på sjukeheimen, og dei tilsette, for å sikre at tilsette ikkje blir eksponert for eventuell smitte da dette kan føre til utfordringar med bemanning. Vi bed derfor om at besøkande tek kontakt med Sørheim før ein kjem på besøk.

 

kl. 12.25 Utsetter formannskapsmøtet 12.03

Sør-Fron kommune har beslutta at formannskapsmøtet som var beramma 12.03. blir utsett. Dette er på grunn av råda frå kommuneoverlegen om å unngå sosiale samankomstar som t.d. møte som følgje av koronaviruset.  

 

kl. 11.15 Karantene 

Sør-Fron kommune er kjent med at folk som har hatt kontakt med koronasmitta personar kan vegre seg for å ta kontakt med fastlege i frykt for sjølv å bli sett i karantene. Det er svært viktig at dei dette gjeld melder frå til legevakt/fastlege.

Vi ber samtidig våre innbyggarar som allereie er sett i karantene om å respektere karantena. Desse tiltaka vil gjere oss mykje betre rusta til å begrense og stoppe smitten i vårt område.

Vi oppmodar elles til at våre innbyggarar held seg oppdatert om situasjonen gjennom informasjon på heimesida og Facebook-sida vår, og elles følgjer generelle råd frå nasjonale helsemyndigheiter. Sør-Fron kommune opprettheld råda om at sosiale sammenkomstar blir begrensa dei neste 14 dagane. Dette kan vera bursdagar, større familieselskap, treningar og konsertar.

Det er begrensa besøksadgang til Sørheim omsorgssenter, og Fron badeland er stengt.