Tirsdag 10. mars

 Kl. 22.00 Nye reiseråd og retningsliner for karantene

·         alle som nå har vore i Italia eller Tirol (eller andre risikoområde i utlandet) skal nå vera i karantene i 14 dagar etter at dei kjem heim. Dette gjeld antakeleg veldig mange nordmenn som anten kjem heim snart frå ferie, eller som kom heim frå ferie for under 14 dagar sidan og derfor nå skal i karantene ettersom rådet har tilbakevirkande kraft. I tillegg frarådast nå reiser til dei same områda.

Det er i dag, 10.03.2020 også sendt ut eit informasjonsbrev til alle reiselivsbedrifter i Sør-Fron frå kommuneoverlegen. Dette er på grunn av at mange av smittetilfella i Norge kjem i samband med utanlandsreiser, og brevet inneheld råd og retningsliner til reiselivsbedriftene. Brevet kan du lese her.

Kyrkjene våre stengjer også dørene som følgje av koronasituasjonen. 

Det er tysdag kveld 10.03.2020 ikkje rapportert om tilfelle av koronasmitte i Sør-Fron. 

Kl. 12.00 Status

·         Situasjonen i Sør-Fron er uendra.

·         Skulane og barnehagane i Sør-Fron er opne. Her gir kommuneoverlege Anders Brabrand svar på ein del spørsmål kring dette: – Situasjonen må være mer alvorlig hvis vi skal stenge skoler og barnehager.

·         Vi har også samla nokre  svar på ofte stilte spørsmål i denne artikkelen. (lenke utgått)

·         Sør-Fron kommune opprettheld råda om at sosiale sammenkomstar blir begrensa dei neste 14 dagane. Dette kan vera bursdagar, større familieselskap, treningar og konsertar.

·         Fron badeland er stengt inntil vidare. 

·         Alle politiske møte er utsett inntil vidare. 

·         Dagtilbod og torsdagtreffen på Sørheim omsorgssenter er avlyst inntil vidare. I tillegg minner vi om begrensa besøksadgang på Sørheim for pårørande. 

·         All undervisning i Fron kulturskule utgår.

·         All aktivitet på Sør-Fron kulturhus utgår inntil vidare. Vi oppmodar også dei som har faste treningstider og anna aktivitet på kveldstid i kulturhuset om å vurdere dette nøye.  

·         Alle klubbkveldar i regi av Vinstra ungdomsklubb utgår. 

Alle arrangement, både dagtid og kveldstid, ved Sør-Fron bibliotek, er utsatt inntil vidare. Biblioteket held elles opent som vanleg.