Rekordår for Stolpejakta – gåvekort til fire heldige jegere

Kvasskampen Therese Nibe Klaussen Aldri før har så mange vore ute på Stolpejakt som i 2020. Nå er det tid for førjulspremiedryss.   

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

2020 har vore eit svært krevjande år for mange, men ein ting er i alle fall sikkert: Om koronapandemien kan seiast å ha ført noko positivt med seg, må det vera at folk har vore meir ute og nytta nærområdet meir enn nokon gong.  
I heile kommunen har det vore 50 stolpar utplasserte – med ulik vanskelegheitsgrad og tilgjengelegheit.

Skyhøgt besøk

Fjoråret var ein kjempesuksess, og totalt var 1816 stolpejegere med i jakta i Sør-Fron, og vi var da oppe i 16206 registrerte besøk på dei 50 stolpane våre.   

I «korona-året» 2020 sprenger vi skalaen. 2991 jegere har registrert 25180 besøk mellom 15. juni og 1. november. Det gir eit snitt på åtte stolpar per stolpejegar.

Har du lyst til å lese om stolpejegere og Stolpejakta andre stader i landet? På bloggen til Stolpejakten kan du lese magasinet Stolpejeger'n! 

Dei mest populære stolpane våre er framleis på Gålå – i år som i fjor er det Brua på Gålå skiarena som toppar med 1072 besøk, tett følgt av Blankputten (1040). På tredjeplass finn vi Nårkampen som har hatt 1012 Stolpejakt-besøk.  

Folkehelsetiltak

Stolpejakten i Sør-Fron er organisert under kultur og næringsavdelinga, og blir arrangert av kommunen si FYSAK-gruppe som består av representantar frå levekår/helse, kultur, skule/oppvekst samt idretten i kommunen. I tillegg er fleire gode frivillige hjelparar knytt til arbeidet. 

Stolpejakten er eit viktig folkehelsetiltak i kommunen, og eitt av dei lågterskeltilboda vi ser treffer godt. Nasjonalt veit vi at om lag 20% av jegarane er mellom 10 og 20 år. I Sør-Fron er andelen i denne aldersgruppa 11 %. 

– Det er kjempebra, og vi vil prøve å få med enda fleire i denne viktige målgruppa neste år, seier tenesteleiar for kultur og næring, Bjørn K. Sletten.    

Premiering

94 personar har tatt alle 50 stolpane. Det er ei dobling frå fjoråret. 16 år gamle Tobias Bjørkhaug var fyrst til 50 stolpar – allereie ei veke etter at Stolpejakta var i gang. Les meir om det her.

I år har vi trekt fire heldige vinnarar av gåvekort på Sport 1 på Gålå handel. Trekninga av vinnarar gjekk føre seg på møte i kommunens FYSAK-gruppe 3. november. Desse vil få tilsendt gåvekort i posten: 

  • Vinnar 1 (under 18 år): Ane-Lydia Kvernes 
  • Vinnar 2 (50 stolpar): Eivind Rønshaugen
  • Vinnar 3 (minimum 25 stolpar): Tormod Forr
  • Vinnar 4 (minimum 25 stolpar): Beathe Malerbakken

Meir info om stolpejakta vår finn du her.