Tobias og Knut Jostein fyrst til 50!

Knut Jostein og Tobias_Vulutjønn.jpgTobias Bjørkhaug og Knut Jostein Lufall bestemte seg i fjor: I år skulle dei bli fyrstemann til 50 stolpar på Stolpejakten. Søndag var "sigeren" eit faktum! 

Knut Jostein og Tobias_Vulutjønn.jpgEtter knapt ei veke med Stolpejakten 2020 var altså fyrstemann i mål med 50 stolpar. 16 år gamle Tobias Bjørkhaug frå Vinstra og turkamerat Knut Jostein Lufal,l som er sambuar med Tobias si bestemor, tok stolpe nr 50 på søndag.

- Da avslutta vi Stolpejakten med den lengste turen, til Vulutjønn, seier to glade turkameratar. Da hadde Bjørkhaug og Lufall lagt bak seg ei hektisk veke, med 200 000 steg på skrittellaren, og 50 flotte turar i Sør-Fron kommune.

- Det er vanskeleg å rangere turane, for det er utruleg mange fine turmål, men for min del har nok Storhøpiggen og Dørdalsknappen utmerka seg, seier Knut Jostein, opphaveleg trønder.

- Det er fyrst nå, gjennom Stolpejakten, at eg har vorte godt kjent i nærmorådet her, seier han. 

Vil du vite meir om Stolpejakten? Finn ut korleis du deltek her! 

Tobias Bjørkhaug.jpg

Bestemte seg i fjor

Tobias og Knut Jostein tok alle stolpane i fjor også.

- Dei siste tok vi siste helga i oktober. Da bestemte vi oss for at i år skulle vi prøve å vera fyrst til 50, smiler dei to.

For Tobias har jakta vore kombinert med siste skuleveke på Vinstra ungdomsskule.

- Så vi har brukt efta og kveld, i tillegg til at eg hadde fri måndag og fredag, seier sekstenåringen, som seier han er glad i å gå tur - også utan stolpar som motivasjon.

- Men det gir litt ekstra motivasjon, innrømmer han. 

Her finn du tips til fleire fine turar i Sør-Fron! 

Utfordringar

Knut Jostein.jpg

 

Lufall og Bjørkhaug har møtt på utfordringar undervegs mot 50 stolpar.

- Området ved fuglekikkartårnet på Jelkarstranda står under vatn, så der måtte eg vasse, seier Knut Jostein.

Tobias var litt lurare, for han tok den stolpen som den aller fyrste, før Laugen flaug opp og vart flomstor. I tillegg leitte dei lenge og vel etter stolpen ved Hiet, som Stolpejaktarrangøren i Sør-Fron hadde plassert feil i kartet ...      

Knut Jostein og Tobias innrømmer at dei eigentleg ikkje hadde trua på at dei skulle klare alle stolpane i løpet av ei veke. Men søndag var altså jakta over.

- Det har vore hektisk, men vi har tatt det som ein tur, kosa oss med niste på stolpejakten, avsluttar Lufall og Bjørkhaug.

Vi gratulerer!