Stor gjensynsglede på skulen

DSC_0817.JPGMåndag var skulebarn frå 1.-4. klasse endeleg attende på skulane i Sør-Fron. Og gjensynsgleda var naturleg nok stor.  

DSC_0814.JPGEivind Lund, som er rektor på Sør-Fron ungdomsskule og som den siste tida har koordinert oppvekstsektoren i Sør-Fron kommune, var på plass på Midtbygda og fulgte opninga for 1.-4. trinn.

- Eg kan fortelje om mange blide barn med stor gjensynsglede! Svært mange foreldre har bidratt til dugnaden med å sørge for transport til skulen. Alt gjekk føre seg i rolege formar, og alle har kome til skulen, seier Lund.

Les om førebuingane skulane har gjort for å ta i mot elevane her.

Vart møtt i porten

DSC_0807.JPGElevane vart møtt i porten av rektor og lærarar, der dei vart eskortert til sine respektive uteområde. 

- Alle gjorde sitt beste for å halde avstand. Når klokka ringte stilte dei alle seg pent opp med avstand, for så å gå inn og vaske hender, ein god start, fortel Lund.

Skular og barnehagar vart stengt som følgje av koronaviruset den 12. mars.
Det har vore tungt for mange: – Vi saknar alt ved skulen: Venene våre, lærarar og skuletimane

Barnehagane i Sør-Fron opna opp att den 22. april. Les meir om barnehageopninga her.