Torsdag 7. mai

 

21.42 SMS til føresette i skulane

Skuleleiinga i Sør-Fron har bestemt at både barneskule og ungdomsskule opnar att måndag 11. april. Avgjerda vart tatt torsdag kveld, etter regjeringa si pressekonferanse om gradvis gjenopning av samfunn. 

Følgjande sms er torsdag kveld sendt ut til alle ungdomsskuleføresette i Sør-Fron:

Hei! Vi opnar Sør-Fron ungdomsskule for alle trinn måndag 11. mai! I samband med dette oppfordrar vi til å nytte minst mogleg kollektivtransport. Derfor ber vi om ei attendemelding frå dei som har ungdom som må nytte busskyss, som ikkje kjem seg på skulen på annan måte. Denne meldinga må sendast til kontaktlærar innan kl 12.00 i morgon fredag 8/5. Vi gler oss til å treffe elevane att, velkome alle saman! Mvh Eivind Lund, rektor Sør-Fron ungdomsskule.

Liknande sms er sendt frå barneskulane.

Sør-Fron kommune kjem attende med meir informasjon om skuleopninga i løpet av fredag 8. mai.

 

18.00 Gradvis gjenopning av samfunnet

7. mai kl. 18:00 innkalla regjeringen Solberg til pressekonferanse om gradvis gjenopning av samfunnet etter koronakrisen. 

Regjeringa la i dag fram planen for vidare handtering av covid-19 og ein tidsplan for nedbygging av dei mest inngripande tiltaka. I løpet av neste veke skal alle grunnskular og vidaregåande skular opne for alle trinn.

– Takka vera vår felles innsats sidan mars har vi fått smittespreiinga under kontroll. Derfor kan vi nå over tid lette på dei strenge tiltaka. Målet er at flest mogleg aktivitetar og verksemder som har vore stengt, kan opne før sommaren. Dette føreset at vi framleis har kontroll på smittesituasjonen, seier statsminister Erna Solberg.

Les pressemelding frå regjeringa her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringens-plan-og-justering-av-koronatiltak/id2701493/

Vi oppsummerer her dei viktigaste punkta frå pressekonferansen:

  • Alle grunnskular og vidaregåande skular skal opne for alle trinn i løpet av veke 20. Smittevernreglane skal følgjast, noko som kan bety at ikkje alle kan vera på skulen samtidig.
  • Forbodet mot maks fem personar blir oppheva. Den nye regelen er nå at maks 20 personar kan samlast, forutsett at ein held éin meters avstand. Den nye 20-personersregelen gjeld ikkje for organiserte offentlege arrangement. For slike arrangement er det frå og med torsdag 7. mai lov med inntil 50 deltakarar.
  • Treningar og anna organisert idrettsaktivitet kan gjennomførast for inntil 20 personar som held minst éin meter avstand. Idrettshallar kan opne. Det er forbod mot bruk av garderobar i idrettshallar.
  • Frå og med 15. juni blir det opna opp for arrangent med 200 personar.
  • Fornøyelsesparkar og serveringsstader utan matservering får opne 1. juni.
  • Karanteneplikten blir endra frå 14 til 10 døgn. Personar som har hatt nærkontakt inntil 48 timar før ein bekrefta smitta person fekk dei fyrste symptoma, skal i karantene. Ein skal framleis i karantene om ein har vore i kontakt med smitta personar med mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minutt.
  • Kjøreskular kan opnast. Dei skal følgje smittevernkrava som gjeld for andre verksemder med ein-til-ein-kontakt.
  • Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet utarbeider nye fritidsreiseråd seinast 15. mai. Råda skal gjelde frå 1. juni.
  • Frå og med 1. juni blir det opna for organisert svømming, inkludert skulesvømming. Vi vil kome attende til korleis vi skal løyse dette på Fron badeland. Det er vidare ein intensjon frå regjeringa om å opne opp att badeland og svømmehallar generelt for publikum, under føresetnad at helsemyndigheitene i samarbeid med bransjen har kome fram til forsvarlege smitteverntiltak.

Sjå heile pressekonferansen på regjeringen sine heimesider.

Følg med på kommunen sine heimesider framover for å halde deg oppdatert på situasjonen. 

Kjelder: Regjeringen.no, NTB, NRK.no.