Fredag 17. april

 

17.00 Miniserie om korona i Sør-Fron

Sør-Fron kommune har laga ein miniserie om dei svært spesielle dagane i mars og april 2020. Gjennom fire episodar prøver vi å vise korleis vi som kommune har jobba med koronakrisa. 

koronavettregler_plakat_lang_144.png

Sjå alle episodane her.

09.00 Koronavettreglar for friluftslivet

Miljødirektoratet og dei store friluftsorganisasjonane har gått saman om koronavettreglar for friluftslivet. Reglane skal hjelpe folk til å komme seg ut i naturen på ein trygg måte. 
 
Vi veit at mange sørfrøningar er svært glade i å benytte seg av den vakre og tilgjengelege naturen vi har rundt oss - og i juni opnar Stolpejakten opp att! Inntil vidare er det berre å komme seg ut på tur - men å følgje reglane!