Informasjon til føresette i barnehagane i Sør-Fron

Udir_FHI_SFK.jpg - Klikk for stort bilde I barnehagane i Sør-Fron er vi godt førebudd på å ta imot barna frå 22.april. Vi tilrettelegg etter retningslinene for smittevern frå myndigheitene, og oppdaterar oss kontinuerleg. Vi har i Sør-Fron hatt svært få smittetilfelle, kun to bekrefta, der det siste tilfelle var 4. april.

Udir_FHI_SFK.jpg - Klikk for stort bilde Vårt fokus er å bidra i den nasjonale dugnaden om å begrense smitta mest mogleg. Frå 22. april opnar vi barnehagane, men skal framleis ha same fokus. Samstundes skal vi sikre at barna har ein trygg og god kvardag i barnehagen sjølv om organiseringa blir noko endra.

Les også informasjon til føresette i skolane.

Tiltak som involverar dei føresette i barnehagane i Sør-Fron:

  • Det kan bli noko redusert opphaldstid i barnehagane på grunn av bemanningsutfordring. De vil få individuell informasjon om dette.
  • Alle barn skal leverast ute når dei kjem.
  • Barnehagen organiserer kvardagen slik at to barnegrupper rullerer på å vere ute og inne. De vil få beskjed dersom deira barn skal møte med uteklede om morgonen.
  • Viktig at de gjennomfører hygienetiltak slik kommuneoverlegen har gitt retningsliner om (sjå lenke under). Fyrst og framst vil dette vere god handhygiene før og etter barnehageopphald, samtaler med dei eldste barna om situasjonen, smittevern og hensikta med dei.
  • Dei føresette må vere klar over at det kan komme endringar både når det gjeld opningstider, retningsliner for smittevern og anna på stutt varsel.
  • Ha tillit til at myndigheitene tek trygge avgjerder, at barnehagane følgjer retningslinene og har barnas beste i fokus!

Vi veit at situasjonen krev mykje av dykk som føresette også, og vi set stor pris på godt samarbeid gjennom denne tida. Vårt fokus er å gjere kvardagen trygg og god for barna!

Helsing
barnehagane i Sør-Fron kommune

 

Meir utfyllande informasjon:

Smittevernrettleiar barnehage (heile dokumentet): https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/barnehage/

Om viruset, sjukdomen og utbrotet: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/om-viruset-sykdommen-og-utbruddet/

Filmar for barne og vaksne om opning av barnehagen: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/filmer/

Barna si rolle i utbrotet: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/barns-rolle/

Smittevern med kommuneoverlege Anders Brabrand: https://www.sor-fron.kommune.no/tjenester/helse-og-omsorg/informasjon-om-koronaviruset/slik-hindrar-du-smittespreiing/

 

Informasjon til føresette i barnehagen (nasjonalt skriv)

Før barnehagane vart stengde i Noreg vart det ikkje registrert noko kjent smittespreiing mellom barn i barnehagar. Samanlikna med vaksne er få barn identifisert som smitta i Noreg og verda elles. 

Barn og unge har så langt vist seg å ha svært låg risiko for alvorleg sjukdom med koronavirus. Dette er lågare enn for andre luftvegssjukdomar som barn kan verte råka av, til dømes influensa og RS-virus.

Les oppdatert (16.04.2020) informasjon om opning av barnehagane i Sør-Fron.

Det er trygt for barn å gå i barnehagen

For å avgrense smitte har vi no sett i gang ei rekkje tiltak i barnehagen. I perioden framover vil vi vere ekstra nøye med å tryggje godt smittevern. Dette avheng av at vi alle gjer ein innsats og følgjer dei nye råda. I barnehagen vil vi vere spesielt opptekne av å:

  • vaske hender og følgje opp barna slik at dei lærer gode rutinar for handvask
  • ha godt reinhald i barnehagen
  • vaske leiker jamnleg
  • vere ekstra mykje ute med barna i tida framover
  • ha mindre grupper av barn som er saman med faste tilsette

Barnehagen skal framleis gi omsorg til barna

Vi skal framleis ta vare på barna sine behov for fysisk omsorg og sørgje for at alle barn opplever tryggleik, å høyre til og trivsel i barnehagen. Kos og trøyst er framleis viktig for barna.

Viss barnet ditt ikkje kjenner seg bra

Har barnet ditt symptom på sjukdom, også milde symptom, skal dei ikkje kome i barnehagen. Det er ekstra viktig no at barna er heime i minst eitt døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Foreldre som har luftvegssymptom, skal ikke følgje eller hente barn i barnehagen. Har foreldre eller nokon andre i husstanden fått påvist sjukdom med koronavirus, skal de heller ikkje kome i barnehagen. Viss barnet blir dårleg i barnehagen, må de hente barnet så fort det let seg gjere.

Føresette skal helst ikkje bli med inn i barnehagen

Vi prøver så langt det let seg gjere å ta imot barna ute.

Ikkje ta med leiker frå heime

Barna skal ikkje ta med eigne leiker heimanfrå. Viss barnet ditt har ein eigen kosebamse for å sove, kan dei ta med denne. Men det er ekstra viktig at han ikkje vert delt med andre barn i barnehagen.

Handvask er like viktig heime som i barnehagen. Vask hendene før de kjem i barnehagen, og med ein gong de kjem heim. Vi oppfordrar til at barna omgås få andre barn på fritida, og at leik helst går føre seg ute.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 23.04.2020 11.13
Fant du det du lette etter?